Ghopi Prabaharan vaks opp i Herøy. No går han frå rolla som Lotto-vert på Nrk til trollmannen Fe den synske i Herøyspelet.

Familien til Ghopi Prabaharan flykta frå Sri Lanka då Ghopi berre var ein baby. Han fekk barndom og oppvekst i Fosnavåg og snakkar klingande sunnmørsdialekt – når ikkje han snakkar som dei gjer i Porsgrunn, byen familien seinare flytta til. Alt som gutunge likte han å stå på scena, og han dansa både i Fosnavåg sine gater og på scena.